![]() ![]() |
![]() ![]() |
![]() |
||
![]() |
![]() |
Musea og den immaterielle kulturarven ICR i Serbia september 2012-12-09 Gjennom ikkje mindre enn 14 presentasjonar fr� ulike delar av verda blei tema belyst fr� ulike vinklar, tradisjonar og forutsetnadar. Saman med ekskursjonar til gardstunet i Kamena Gora, friluftsmuseet i Sirogojno og keramikklandsbyen Zlakusa, samt 7 dagar med tradisjonsmat til frukost, lunsj og middag fekk me eit godt innblikk i serbisk og muslimsk mattradisjon. Det var ei stor gastronomisk og kulturell oppleving. Det som i hovudtrekk st�r att etter konferansen er korleis den immaterielle kulturarven heng i hop med den materielle, korleis bygningane og interi�ret er ein del av matlaginga og m�ltidet og s�leis ein del av den gastronomiske arven. Eg vel trekka fram noen eksempel p� det. Ossama Abdel Meguid, direkt�r for Children`s Civilization and Creativity Center i Aswan i Egypt understreka i sitt f�redrag alt f�rste dagen betydinga av ramane rundt m�ltidet, om ulike h�gtider og ritual, bygningen, interi�ret, eldstaden, kva ein et med og kva ein et av. Korleis maten er blitt til, jordbruket, lagring og konservering, bygningar for dei ulike prosessane osb. Centeret til Ossama Abdel Meguid er eit bygdeutviklingsprosjekt der s�rleg kvinnene blei inviterte til � l�ra seg tradisjonelle handverksfaga og matlaging, eit utdanningsprosjekt som gjer dei i stand til � tena eigne pengar. Dette gir dei motivasjon til � vera med i prosjekta samtidig som dei blir berararar av ein handlingsboren tradisjon. Dette s�g me eksempel under bes�ket p� museet i Sirogojno. Museet hadde starta med � dokumentera strikketradisjonen i omr�det og bringa dei eldre kvinnene saman med yngre for vidaref�ring av strikkekunsten. Det hadde resultert i eit eige strikkemuseum og produksjon. Dette var no blitt eit st�rre satsingsomr�de som involverte designarar. Ved sida av � selja fr� eigne butikkar i landsbyen, var det no blitt ein st�rre eksportartikkel. Museet hadde her vore aktive for � ta vare p� tradisjonane og samtidig bidra til bygdeutvikling. Bygningane p� museet i Sirogojno var flytta og gjenreist med lokale tradisjonelle byggeteknikkar. Dei same teknikkane var nytta i dei nye bygningane p� museet, der ein mellom anna kunne finna sprett telja bjelkar, som me her heime m� tilbake til mellomalderbygningane v�re for � finna. Nybygga blei brukte til moderne f�rem�l, som servering, overnatting, kontor, butikk, medan dei museale bygningane blei brukt i formidlinga av matlaginga. Me fann t�rkehus for frukt, bakarhus med bakaromn, mj�lkebu og stabbur. Det store stovehuset midt i tunet hadde eldstad p� stampa jordgolv og ljore i taket, og midt i gl�rne sto dampande keramikkrukker med kj�t og andre godsaker. Stovehuset var hjarte p� garden der storfamilien samlast til mat og m�ltid, medan kvar familie einheit hadde sitt sovehus. Bygningane var heile og reine og det lukta slik det skulle lukte av eld og mat. |
![]() |
![]() |
Bes�ket p� garden i Kamena Gora understreka korleis dei serbiske mattradisjonane har overlevd. Som velkomst fekk me servert br�d og salt til rakien, og ulike mj�lkeprodukt blei kokt p� vedkomfyr i tunet. Kj�tt blei kokt p� gl�r i tradisjonelle jerngryter og keramikk krukker. Familien p� garden sa dei kokte p� denne m�ten s� ofte dei kunne d� det ga den beste og sundaste maten. Det var ein tradisjon dei �nskte � bringa vidare. Etter at dei overtok garden, var m�let � gjera turisme av matlaginga. |
![]() |
I keramikk landsbyen Zlakusa fekk me sj� krukkene i produksjon. Ved sida av noe jordbruk, var byen tufta p� bergarten i omr�det som blei knust og blanda i leira som gjorde krukkene spesielt eigna til matlaging. Krukkene blei bygd opp og dreia for hand. I dag var her 15 keramikkverkstader i drift som produserte krukker for sal. Lunsjen i Zlakusa var sj�lvsagt kokt i keramikk krukker p� gl�r. V�re unge guidar p� turen, med oppvekst i storbyen Beograd, kunne bekrefta at dei hadde slike krukker heime p� kj�kkenet og brukte dei dagleg. |
![]() |
Inntrykket fr� turen til Serbia er at dei gastronomiske tradisjonane st�r sterkt og at berarane er stolte av tradisjonen sin. Friluftsmuseet i Sirogojno jobbar seri�st med � ta vare p� alle sider ved matproduksjonen og vidaref�rar han gjennom bruk av bygningane sine ved sida av at dei og har eige kj�kken og undervisningsrom som dei bruker. Museumstunet er flytta til museet og sett opp att av handverkarar som har kunnskap om lokal byggeskikk. S�leis har dei tatt med seg dei eigenskapane som kan ha betyding for maten, og bygningane gir den autentiske rama rundt oppleving av maten. Dei nybygde husa viser at dei vidaref�rer byggeteknikken ogs� i til moderne byggeri og p� denne m�ten ogs� jobbar med � halda byggetradisjonane levande. Det blei noe overflatisk og hastige bes�k. Her var mange sp�rsm�l me gjerne skulle g�tt djupare inn i. Men her var ogs� ein del inspirasjon � henta som har stor overf�ringsverdi for v�rt eige museum. Ikkje minst gjeld det � legga forholda til rette for vidaref�ring av den gastronomiske arven. |
▲ til toppen Tilbake til reiserapporter 2012 |