![]() ![]() |
![]() ![]() |
![]() |
||
![]() |
![]() |
Smaken av Serbia - matkultur som museumsoppg�ve ICR i Serbia september 2012 ICR, komiteen for regionale museum, arrangerte konferanse om �Gastronomic Heritage� i Serbia i september 2012. Innleiarane p� konferansen viste korleis mat omfattar ei kompleks rekke av tradisjonell aktivitetar fr� dyrking, hausting, bevaring, tilbereding og fram til det endelege m�ltidet, korleis desse aktivitetane omfattar b�de materiell og immateriell kultur og kva kjelder som finst til kunnskap om matkulturen. I tillegg tydeleggjorde konferansen korleis mat kan inng� i realiseringa av samfunnsrolla til musea. Maten kan vera ein n�kkel til � verkeleggjere museet som ein samfunnsakt�r. Tydelegast kom dette til uttrykk i eit d�me fr� Children�s Civilization and Creativity Center i Aswan, Egypt, der mattradisjonane blir brukt p� ein aktiv m�te for � skape dialog mellom museet og samfunnet ikring, men ogs� som eit bidrag til kvalifisering av unge kvinner. Gjennom dette arbeidet henta museet fram tradisjonskunnskap fr� eldre kvinner og vidaref�rte tradisjonane ved overf�ring til yngre kvinner gjennom praktisk arbeid (handlingsboren kunnskap). Dei unge kvinnene fekk �sertifikat� om dei besto den praktiske pr�va i � lage maten p� eiga hand etterp�. Og s� kan ein sp�rja kva dei blei kvalifiserte for. Jo, for eit godt ekteskap. Men eit godt ekteskap er gjerne betre enn eit d�rleg, og noen karriere ut over det var gjerne ikkje realistisk. Ein kan vidare sp�rja om dette har noen relevant overf�ringsverdi. Arbeidsmetoden har det. Ved � sj� p� tilstelling av mat som immateriell kultur sannkjente museet at det ikkje er nok � samle p� oppskrifter, bilde, reiskap, bygningar og omtalar av matproduksjonen, men at ein ogs� m� f� tak i sj�lve handlinga. Denne kan berre bevarast og vidaref�rast gjennom nye handlingar. Dette hadde ogs� friluftsmuseet i Sirogojno tatt inn over seg. Museet i Sirogojno framstiller seg som det einaste verkelege friluftsmuseet i Serbia og omfattar 52 innsamla bygningar. Det mest interessante ved museet er likevel det arbeidet museet driv med for � ta vare p� og vidaref�re den immaterielle kulturarven. Dette omfattar ei rekke aktivitetar som strikking, lagging, keramikk, smiing og alts� matlaging. Aktivitetane gikk inn i tilbodet til det daglege publikummet, var basis for eit omfattande kurs- og skuletilbod og ga bidrag til bygdeutviklinga. Strikketradisjonane i omr�det er sterkt vidareutvikla og gjort til ei merkevare som sel langt ut over det lokale og regionale. Mattradisjonane er l�fta fram som ein sentral del av reiselivstilbodet og gir grunnlag for nyetableringar i ein del av Serbia som har stort behov for nye arbeidsplassar. Serbia er ikkje det f�rste landet ein kjem p� n�r ein skal planlegge ferieturen, men det er eit land med tradisjonar for mat og drikke som kan gjera det til ei gastronomisk oppleving � reise i landet, som det var det for ICR siste veka i september. Og det var museum som s�g ei oppg�ve i � ta vare p� og vidaref�re dei immaterielle sidene ved matkulturen b�de som ein verdi i seg sj�lv og som eit bidrag til utviklinga av samfunnet det skulle tene. Vi sit med store samlingar av utstyr og il�t for matlaging p� musea v�re, vi har ei rekke bygningar som har vore brukte til husdyrhald, lagring og foredling av mat og til inntak av m�ltider i kvardag og fest. Vi har oppskrifter og gamle damer som kjem og hjelper oss med lefsebaking og grautkoking n�r stunda krev det. Men det er gjerne ikkje s� mange av oss som driv eit medvite arbeid for � ta vare p� sj�lve kunsten. Det kunne vera ei viktig utviding av perspektivet i arbeidet med � implementere UNESCO-konvensjonen om maten kunne bli eit sentralt tema. |
![]() Frukost p� tradisjonelt vis i friluftsmuseet i Sirogojno |
![]() F�rebuing til middag i fjellandsbyen Kamena Gora |
▲ til toppen Tilbake til reiserapporter 2012 |