Startside
Årsmeldinger
Årsreferater
Reiserapporter
Blue Shield
 
   

 

REISERAPPORT


Martin Hager-Saltnes, Kulturhistorisk Museum

Kvalitetskriterium for god museumsformidling

CECA Reykjavik, Island, 5-10 oktober 09


Mellom konferansens foredrag av varierande kvalitet, skilde enkelte seg positivt ut. Desse foredraga var som oftast korte og hadde ei avgrensa problemstilling som ikkje pr�vde � omfavne heile konferansens tittel, "Museum Education in a Global Context - Priorities and Processes." Peter Sch�ller fr� Kunstsammlung Nordrheim-Westfalen i D�sseldorf gjorde greie for eit tysk arbeid med � utarbeide kvalitetskriterium for formidlingsarbeid i museum. Dette er ein del av ei nasjonal og internasjonalt trend der ein formulerer standardar for museum. For museumspedagogar, som i mange land ikkje representerer eit klart definert yrke, er det alltid viktig � reflektere over og revidere kva vi held p� med. Kriteria er tenkt � vere ei hjelp til � vurdere og kontrollere eige arbeid. Men dei er og laga for � presentere det breie l�rings- og formidlingsarbeidet som p�g�r i musea overfor museumsleiingar og ansvarlege politiske milj�.

Dette arbeidet med � definere god museumsformidling f�regjekk i fleire rundar p� regionalt og nasjonalt niv�, og til slutt ogs� i samarbeid med kollegar i Sveits og �sterrike. Det munna ut i ein brosjyre, som finns p�

http://www.museumsbund.de/fileadmin/geschaefts/dokumente/Leitfaeden_und_anderes/Qualitaetskriterien_Museen_2008.pdf

Det vert arbeidd med omsetning til engelsk. Eg nemner i det fylgjande noko av det eg her finn interessant for mitt arbeid, kor det ofte blir for lite tid til b�de evaluering og nytenking. Kvart kapittel byrjar med ein definisjon og avsluttar med ei sjekkliste med eksempel. Spranget mellom generelt niv� og d�me er stort. Mine omsetjongar fr� tysk er ikkje kvalitetssjekka!

I Hovudtankar
Museumspedagogar m� vere med i heile prosessen med � utforme museum og utstillingar og har f�lgjande hovudoppg�ver:
- � definere l�ringsm�l som korresponderer med museets ideologi og m�lsetjing.
- Analysere publikums samansetjing og behov; utvikle m�lgruppetilpassa program.
- Gje s� mange ulike bes�ksgrupper tilgong til kulturell danning som r�d er ved � tilby differensierte tilbod.
- Utvikle og verkeleggjere menneskelege og mediale formidlingskonsept.
- Bidra til eit publikumsvenleg museum og legge til rette for innsikt gjennom � nyte og oppleve.
- Skape m�testader mellom museum, utdanningsinstitusjonar og andre kulturinstitusjonar, og etablere langsiktig samarbeid.
- � evaluere formidlingstilbod regelmessig, slik at deira effekt vert testa og kvaliteten sikra.

Blant hovudutfordringane finn vi l�ring i alle livets fasar, skape f�resetnader for kulturelle integrasjonsprosessar og trening i interkulturell kompetanse, samt � oppfylle museas identitetsskapande funksjon gjennom � fremje medeigarskap til den kulturelle arven og den p�g�ande samtalen om fortid, samtid og n�tid.

II. Formidlingas innhald
Formidlinga skal bygge p� museets samlingar, men alltid synleggjere den historiske samlinga sin relevans til n�tida. God formidling er handlingsorientert, men skal ogs� skape forst�else for dei ulike fagvitskapane ved institusjonen.

III. M�lgrupper
God formidling differensierer mellom ulike m�lgrupper, b�de mellom dei som alt brukar musea og grupper som i dag ikkje gjer det. Kunnskap om desse er difor ein f�resetnad for museumspedagogikk med god kvalitet. Sjekkliste: Single, par, familiar, venner, kjernepublikum, turistar, f�rstegongsbes�kande, internettbrukarar, firmatilsette, menneske fr� ulike aldersgrupper, etnisk bakgrunn, institusjonar, motivasjonar...
Sjekkliste for bes�kande med nedsett funksjonsevne:
- skape arkitektur, arrangement og service utan barrierer
- ha kontaktperson for grupper med behov for s�rleg tilrettelegging
- samarbeide med organisasjonar og prosjekt for menneske med nedsett funksjonsevne og bruke fokusgrupper for � gjere museet meir tilgjengeleg


IV. Formidlingsmetodar
Som ved s� mange andre sp�rsm�l, er svaret ogs� her mangfald. Dokumentet kjem ikkje opp med nye og supre idear, men kan hjelpe til med � huske p� det ein veit og er samd i, men som fell ut av syne i travle prosjektstunder. N�r det gjeld utforming av utstillingar blir eg blant mange sj�lvsagte punkt minna om "vegleiing" og skilting i utstillingar, som kunne vore betre i det siste prosjekt eg deltok i. I sjekklista for verbal formidling, ser eg ubrukte muligheter ved at elevar viser elevar rundt. Fr� lista for teksting, nemner eg barnekatalogar, miniguide og blindeskrift/lyttestasjonar. N�r det gjeld evaluering, vert eg tiltalt av punktet om � gjere grundigare intervju av enkeltbes�kande og utvalde grupper.

V. Kvalifisert personell
Dette kapitlet finn eg mest utfordrande, for her sl�r tysk grundighet gjennom for fullt. Krava inkluderar avslutta akademisk grad og fagkunnskap om museumssamlingane og i pedagogiske sp�rsm�l. Men innsikt i museologi, kommunikativ dugleik og glede ved omgong med menneske og personleg engasjement, kjem ein heller ikkje utanom. Dessutan m� ein ha retorisk dugleik og mediakompetanse, kunne gjere publikumsunders�kjingar og kunne leie b�de prosjekt og personale (frivillige, timeengasjerte osb). Museum m� ha evne til b�de � vere kritisk og til � begeistre. Ja, takk, begge deler! Dei siste kapitla handlar om samarbeidspartnarar (kap VI) og institusjonelle rammevilk�r for arbeidet (kap VII).

Konklusjon
Ville norske museumspedagogar kome fram til kvalitativt annleis resultat enn dei tyske? Kanskje ikkje, men � skildre essensen i godt museumspedagogikk ville vere ein fruktbar prosess � delta i. Slike kriterer kan bidra til � profesjonalisere museumspedagog-rolla og gje den ein kl�rare identitet b�de for ein sj�lv og for andre. P� den andre sida, vi veit alt mykje om kva godt formidlingsarbeid er. Og uinformert som eg kan vere, har eit liknande arbeid kanskje alt blitt gjort i Noreg? F�rebels vil eg heller bruke kreftene p� � pr�ve � realisere meir av dei ideala vi deler i praktisk formidlingsarbeid. Her er meir enn nok � ta fatt i, og slike foredrag inspirerer nettopp til � ta fatt.

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2009