![]() ![]() |
![]() ![]() |
![]() |
||
![]() |
![]() |
REISERAPPORT
Occupation and remembrance in Northern and Central Europe IC Memo-konferanse p� Falstad 29. september-1. oktober 2006 Historikaren Ole Kristian Grimnes innleia konferansen med eit foredrag om Norge under andre verdskrigen. Grimnes tok utgangspunkt ein realhistorisk innfallsvinkel, han samanlikna i f�rste omgang den tyske okkupasjonen av Norge med mellom anna okkupasjonane av Danmark og Nederland. Han gjorde eit poeng ut av at den danske og nederlandske befolkninga var som den norske rasemessig akseptert av nazistane. Norge valde likevel ei anna linje i h�ve til den tyske okkupasjonsmakta. Danmark og Nederland samarbeidde i mykje st�rre grad p� regjeringsniv�, medan den norske regjeringa og kongehuset klarte � r�mme fr� den tyske okkupanten og danna eksil-regjering i London. Ogs� storparten av den norske befolkninga valde p� ulike vis � st� imot okkupasjonsmakta, hevda Grimnes. Til tross for massiv nazi-propaganda og innsetjinga av ei norsk marionett-regjering leia av Vidkun Quisling. Dette kom til uttrykk gjennom b�de sivil og milit�r motstand. Den sivile motstanden skal ha n�dd eit h�gdepunkt v�ren/sommaren 1942, noko som skulle motbevise p�standar om at stemninga mot okkupasjonsmakta svinga med tyskarane si krigslukke. Grimnes medgav likevel at oppfatninga av andre verdskrigen til ein viss grad var prega av s�kalla ”patriotic memory” (patriotisk minne). Eit symptom p� ein slik selektiv hukommelse er at dei norske j�dane sitt Holocaust i stor grad har blitt neglisjert i etterkrigstida. Grimnes konkluderte med at det likevel ikkje har vore nokon erindringskonflikt om okkupasjonstida i Norge. Han gir dermed inntrykk av ei semje om at okkupasjonstida i Norge i stor grad dreidde seg om sivil og milit�r motstand mot okkupasjonsmakta, fr� b�de styresmakta og folk flest. Museumsleiar Henrik Skov Kristensen ved Fr�slevlejrens Museum heldt seinare eit foredrag om den danske okkupasjonstida. Den danske regjeringa valde i utgangspunktet � samarbeide med den tyske okkupasjonsmakta. Tilh�va for den okkuperte danske befolkninga blei ganske annleis enn for nordmennene. Samarbeidspolitikken gjorde at Danmark naut st�rre sj�lvstende i h�ve til okkupasjonsmakta, levestandarden i var dessutan betrakteleg h�gare enn i andre okkuperte omr�de. Dei fleste danske j�dane blei redda fr� Holocaust, og arresterte politiske motstandarar unngjekk i st�rre grad � bli sendt til tyske konsentrasjonsleirar. Motstandskampen i Danmark var i utgangspunktet retta mot samarbeidslinja som styresmaktene hadde lagt seg p�. I august 1943 blei det formelle samarbeidet mellom okkupasjonsmakta og danske mynde brote, motstanden retta seg deretter mot tyskarane. I praksis heldt likevel samarbeidet med den tyske okkupasjonsmakta fram. Men det formelle brotet med Tyskland og graden av motstand i den danske befolkninga gjorde at Danmark etter krigen faktisk blei anerkjent som ein av dei allierte. I f�lgje Skov Kristiansen har den danske erindringa om okkupasjonstida i st�rst grad vore prega av den milit�re og sivile motstanden mot den tyske okkupasjonsmakta. Det utstrakte politiske samarbeidet kjem i skuggen i det som blir omtala som ”Grundfort�llingen” om krigen. Skov Kristiansen la likevel vekt p� at dei danske styresmaktene til dels motarbeida tyske forslag som ikkje tente danske interesser. Eit godt d�me p� dette er korleis danske mynde klarte � forhindre arrestasjonar av danske j�dar i den tida det formelle samarbeidet f�regjekk. Med dette ynskte Skov Kristiansen � nyansere det nyare revisjonistiske synet p� den danske okkupasjonstida som g�r ut p� at motstanden i ettertid har blitt betydelig overdrive, og at danskar flest i ein kombinasjon av feigskap og eigeninteresse samarbeida villig med tyskarane. Den tyske okkupasjonen av Nederland hadde klare parallellar med situasjonen i Danmark under andre verdskrigen, p�peikte direkt�ren for Center for Holocaust and Genocide Studies i Amsterdam, Johannes Houwink. Mellom invasjonen i 1940 og 1943 hadde Nederland eit relativt velfungerande tysk okkupasjonsstyre. Houwink hevda p� eit generelt grunnlag at nazistane ikkje var s�rleg interesserte i dei okkuperte landa, noko som i siste instans f�rte til det tredje riket sin undergang. Fr� hausten 1943 auka den nederlandske motstanden mot den tyske okkupasjonsmakta betrakteleg. Nazistane svarte med terror. Houwink framheva at den nederlandske krigsgenerasjonen synast � ha ei relativt balansert erindring om okkupasjonen. �ra mellom 1945 og 1945 var i f�rste rekke prega av ei tilpassing til nazi-styret, med enkelt heroiske unntak. Sidan 1970-talet har det i Nederland vore eit auka fokus p� nederlendarane sitt eige bidrag til nazistane sine brotsverk, spesielt mot j�dane. Houwink hevda at i denne samanhengen har det vore ein tendens til � viske ut skilet mellom tilskodar og forbrytar. At dei som ikkje greip mot nazistane sine j�deforf�lgingar p� lik linje var skuldige i Holocaust. Houwink konkluderte at ei slik erindring om okkupasjonen leda til eit forvridd historiesyn. Det eksisterer ingen felles erindring om okkupasjonstida i desse tre nordeuropeiske landa. Likevel synast det som om motstandsr�rsla i alle tre landa har lagt premissane for framstillinga av andre verdskrigen. Samarbeidet som f�regjekk med okkupasjonsmakta har samstundes blitt tona ned. Mykje tyder uansett p� at biletet av andre verdskrigen i Nord-Europa er i ferd med � bli meir nyansert, noko som vil prege erindringa om krigen. Eit d�me p� dette er det nye fokuset p� den norske deltakinga under j�deaksjonane i Norge. |
▲ til toppen Tilbake til reiserapporter 2006 |