![]() ![]() |
![]() ![]() |
![]() |
||
![]() |
![]() |
![]() |
REISERAPPORT
DEMHIST konferanse i Lisboa oktober 2005 Det handlar mye om store hus. Dei vi fekk sj� i Portugal var riktig store og resultat av ein rikdom som enkelte har kunna bruke til realisering av byggeprosjekt som sj�lv dei nyrike i v�r tid ville f�tt hakeslepp av. Med atterhald om at kunnskapane om museumsstrukturen og kulturminnepolitikken i Portugal framleis er yttarst sparsam, kan det sj� ut til at store hus blir definert som verneverdige fordi dei er store, i mange tilfelle proppfulle av antikvitetar av alle slag og som regel knytt til personlegdomar som av ulike grunnar har skapt seg ein plass i historia. Generelt kan det sj� ut til at ei personalhistorie som blir definert som interessant og viktig kan vera ein god grunn til � ta vare p� eit hus og inventaret i det. D�me p� interessante og viktige personar er kunstnarar, vitskapsfolk og medlemmar av den kongelege familien, men ogs� samlarar. Fleire historiske hus museum er resultat av ei samlarverksemd som til slutt er blitt offentleg eige eller er gitt til ei stifting. Dette er ikkje ukjent fr� v�rt eige museumslandskap, men vi snakkar heller om kunstnarheimar og kongebustadar. Hovudoppdraget ser s� ut til � vera ei levandegjering av personen gjennom huset og inventaret han har etterlate seg. Og da er vi omtrent der som vi er p� eit norsk friluftsmuseum der vi gjerne vil tru at til st�rre flid vi legg i restaureringa og innreiinga, til n�rmare kjem vi dei som har budd og virka i husa. Ut fr� dette dreidde ein del av diskusjonane p� konferansen seg om viktige prinsipp for sikring, vern og bruk av dei materielle minna og om konservering og tilbakef�ring. P� dette omr�det hadde s�rleg representantane fr� Nederland viktig stoff med seg. Netherlands Institute for Cultural Heritage virkar til � vera ein avansert institusjon som stiller viktige sp�rsm�l. Kva er verdt � ta vare p�? Har vi ei meining om kor lenge vi vil at objekta skal vare? Kva risiko av ulike slag er vi utsette for, og kva er det viktig � ta i ferde med? I dei mest vellukka d�ma fekk vi forst�ing for at ein hadde lukkast med � f� til det som vi kan oversetta med tjukk skildring, alts� ei forteljing med fleire lag, der huset, inventaret, biblioteket, arkivet, eventuelle samlingar og materiale elles var kjelder til fordjupande innsyn i det livet som var levd i huset. Skulle noen komma til Cascais, like nord for Lisboa, kan Museu Biblioteca Conde de Castro Guimaraes og Casa de Sta Maria vera gode d�me p� slike historiske hus, og likeeins Casa Muse Leal ca Camara i Sintra. Sintra er elles kjent for eit par fantastiske palass som ein sj�lvsagt ikkje m� la vera � bes�ke. Det er likevel vanskeleg for ein med mangelfulle kunnskapar i portugisisk � vurdere fullt ut kva ein bes�kar g�r ut att fr� eit bes�k i eit historisk hus med. Her er ofte lite tilrettelagt for bes�kande utan kunnskapar om spr�ket. Utstillingstekster, brosjyrar og utfyllande litteratur er s�leis lite tilgjengeleg og det er vanskeleg � vurdere fullt ut korleis forteljinga om huset og dei som har budd i det blir lagt fram. Heller ikkje dei presentasjonane som blei lagt fram av deltakarar fr� andre land gav noe godt grunnlag for � vurdere heilskapen i formidlinga. Presentasjonane hadde i stor grad preg av � vera suksesshistorier der lite blei problematisert. Det st�rste saknet for oss med ein sosialdemokratisk ballast var likevel den sosiale og �konomiske samanhengen dei historiske husa var ein del av. Noen av dei kj�kkena vi blei viste rundt i kan vera d�me p� det. Her var vanvittig digre kj�kken som blei brukt til utstilling av fantastiske koparsamlingar, alts� samlingar av kj�kkenutstyr i kopar, nypussa og ordna etter form og storleik. Men utan spor etter det arbeidet som var utf�rt i kj�kkenet eller dei som hadde utf�rt arbeidet. Omnane var skura b�de inni og utanp� og til og med skorsteinane var kvitm�la der r�yken av brenneved og steikeosen av heilsteikte okser og grisar og vilt m�tte ha ligge tjukk oppetter veggane. Her kunne forholda ha ligge til rette for � forklare korleis formuane var skapte, korleis det samfunnet desse formuane var skapte i s�g ut og kva f�lgjer ei slik samfunnsform har hatt for utviklinga av samfunnet fram mot v�r eiga tid. Med atterhald for at det ikkje var tid til utdjupande forklaringar, eller at det var tekster vi ikkje forsto eller fekk tilgang til, tykkjer vi det er rart at ein kan presentere minna til ei overklasse utan � forklare klassesamfunnet. V�rt utgangspunkt var dessutan at vi m�tte opp med ei forventing om at Historic House Museums m�tte vera eit forum med sterk vekt p� bygningsdokumentasjon. Ved Ryfylkemuseet har vi arbeidd ei stund med det, det er gjort til eit hovudtema i Byggnettverket og vi har f�tt midlar fr� ABM-utvikling til � greie ut ein modell for medvete dokumentasjon av bygningar p� museum. Men her var det ogs� store ulikskapar i tiln�rminga. I dei portugisiske d�ma var fr�veret av medvete dokumentasjon av bygningane og det som blei gjort med dei s�pass urovekkande at det blei eit hovudtema i den avsluttande paneldebatten. Juius Bryant fr� Victoria & Albert Museum i London og Tessa Luger fr� Dutch Institute for Conservation i Nederland kritiserte ureflektert rehabilitering og utskifting av meiningsberande delar, interi�r eller veggdekorasjonar i dei bygningane vi hadde sett. Dei peika p� at ein m�tte gjera eit val mellom autentisitet og modernisering og at det som blei gjort med bygningane m�tte bygge p� ein overordna plan og medvetne val. S�leis passa det ganske godt at v�rt bidrag handla om nettopp dette. Om � ta vare p� tradisjonane i bygningshandverka, om � atterreise, dokumentere og vidaref�re den handlingsborne kunnskapen, om ”Learning by doing” som vi kalla foredraget v�rt. Dette vekte s�pass interesse at DEMHIST �nskjer � komma til Norge for ha m�tet sitt her i 2008, same �ret som Stavanger er europeisk kulturhovudstad. F�rebels kan det sj� ut til at dagane 25. – 28. juni kan vera ei lageleg m�tetid. M�tet vil truleg starte i Stavanger og fortsette i Ryfylke. Vi h�per ein del norske museumsfolk med erfaringar fr� � drive historiske hus kan vera med da. Vi h�per ogs� at diskusjonane i komiteen utviklar seg mot ein noe vidare definisjon av kva som er eit historisk hus. Det var deltakarar p� konferansen som ikkje ville reservere interessefeltet berre til hus som hadde vore brukt av kjente personar, men ogs� inkludere bygningsarven til meir anonyme medlemmar av samfunnet. Og her tykkjer vi det ligg til rette for ein spennande, konstruktivt og utviklande dialog mellom museumsfolk som i stor grad har fokusert p� personalhistorie og folk som i stor grad har fokusert p� bygningshistorie. ▲ til toppen Tilbake til reiserapporter 2005 |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |